Kunngjøring:
Spesiell Gudstjeneste i Meland Kyrkje !
Søndag 18. Juni 2006 er det gudsteneste både for døve og høyrande i Meland Kyrkje kl. 11.00. Gudstenesta vært både på teiknspråk og norsk. Døveprest Tom S. Tomren forklarar kvifor ein har slike kombinerte gudstenester:
- Det bor ein del døve i Nordhordland , og for desse er det litt langt å reise til Døve kyrkja i Bergen, difor har me ein del slike gudstenester saman med lokale kyrkjelydar. Eg håpar at dei døve i distriktet og deira nettverk sluttar opp om gudstenesta. Det vært litt sosialt samvær etterpå, så dei som kjem kan rekna inn kaffi tid etterpå!
I tilegg til Tomren vært og døveprestene Lars Hana og Tom samt soknepresten i Meland Sverre Langeland med.
Men korleis vært det for dei som ikkje kan teiknspråk?
- Det går nok heilt fint, Alt som skjer på teiknspråk vært og tolka med norsk talt røyst, så alle vil skjønna alt. Eg håpar og trur dei faste kyrkjegangarane vil oppleve dette som ein fin og spannandes variant Gudstenesta.
Døves Menighet
Bilder fra 18. juni 2006 (foto: RA)

Meland kirke


Vi var invitert til "kirkekaffe" hjemme hos døvekapellan Tom S. Tomren og familien




