Døvestevne fredag 31. august til søndag 2. september 2007

 

Deltakere fra: Bergen Døvesenter, Møre og Romsdal Døveforening og Døves menigheter

 

Lyngmo er ein leirplass som ligg på Hafslo, 15 km nord for Sogndal, mot Lom. Eigarorganisasjonane til Lyngmo er Sogn og Fjordane Indremisjon og NLM Bergen Krets. I 2004 vart det bygd ny internatdel, der romma har bad med dusj/toalett. Denne delen har 16 rom og 80 sengeplassar inkl. 8 dobbeltsenger. I tillegg har me ein nyoppussa internatdel med 10 dobbeltrom og 4 hytter med plass til 4 – 6 personar. Den gamle internatdelen og hyttene har felles sanitæranlegg. Dette gjev maksimum 124 sengeplassar. Møtesalen har amfiløysning og rommar ca. 150 personar. Matsalen rommar ca. 100 personar. Me har to peisestover, ei med plass til ca. 40 personar og ei til ca. 30 personar. Av aktivitetar innandørs kan me tilby biljard, bordtennis, landhockey og airhockey.

 

Hovudoppgåva for leirplassen er å arrangere barne-, ungdoms- og familieleirar. I tillegg vert me brukt av skular og andre organisasjonar som leiger staden. Det vert også feira bryllaup, konfirmasjonar og andre selskap her.

 

Aktivitetstilbodet på og i området rundt Lyngmo er variert og godt. Me ligg ca. 5 km frå Sogn Skisenter(www.sognskisenter.no), som vanlegvis har gode snøforhold frå juletider og til påske. I tillegg er dei forholdsvis rimlege i pris i motsetnad til enkelte større anlegg. Regionsenteret Sogndal ligg 15 km unna med ulike tilbod. Eg vil spesielt trekke fram den heilt nye klatreveggen i Sogndalshallen, som er Norges største. Dersom nokon ynskjer eit alternativ til ski er dette mogleg. Det er krav til ”klatresertifikat” for å nytte denne. Dersom det er mange nybyrjarar kunne ein kanskje få til eit klatrekurs..? Elles kan me bestille gymsal for dykk på Hafslo dersom det skulle verta dårleg vær.

 

Opplegg:

Fredag - søndag

Fredag: Varm mat/kvelds ved ankomst. Kaffe / te på kvelden.

Laurdag: Frukost m/niste, middag, enkel kveldskos med kafrfe

Søndag: Frukost m/niste, middag

 

Pris pr. person:

00-04 år: Gratis

05-13 år: 440,-

14-16 år: 560,-

Over 16 år: 890,-

 

Diverse opplysningar

* Prisene er basert på at de har med sovepose/eigne sengetøy

* Dersom de ynskjer lunsj på laurdag er prisen                             40,- pr. person

* Pris for leige av sengetøy (legg på sjølv)                                     80,- pr. person

* Dersom nokon ynsjker enkeltrom vert det eit tillegg i prisen på   300,- pr. person

* Pris for utvask av fellesareal (dette kan de gjera sjølve)             2000,-